GODKJENT NATTCUP!
I helga arrangerte altså Sygnarussen nattcup. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dei siste åra har nattcupen bore preg av i-siste-liten-arbeid. Men kvifor planleggje til dømes opningsshowet mange veker i førevegen når ein klarar å lage eit like bra nokre timar før? Joda, det gjekk i grunn bra :)
I år var 21 kostymebekledde lag påmeldt, og det er veldig bra til å vere Sygnanattcup. Kreativiteten skulle det i alle fall ikkje stå på! Publikum fekk seg nok mange gode latterkuler i løpet av kvelden/ natta. Vi hadde lag som hadde kledd seg ut som buskar, jenter (ja, det var eit gutelag), Kaptein Sabeltann & co, russegutar, psykiatriske pasientar og ikkje minst juleevangeliet. Nei, nattcupen hadde verkeleg ikkje vore den same hadde det ikkje vore for kostyma.
Økonomisk gjekk vi med eit godt overskot ved å ta inngangspengar og ved å selje snop, brus og pizza. Nei, gradiosa slår aldri feil! Sant nok måtte tre russ køyre til Førde for å få tak i desse Gradndosane, men kva gjer ein ikkje for misjonen?
Vinnarlaget i jenteklassen heitte "Søppeldynga", og vinnarlaget i guteklassen kalte seg "Simas". Bossekkar er eit stikkord her. Dei fleste tok tapet med eit smil, men eg har fått eit inntrykk av at det mannlege lærarlaget fortsatt er litt bitter..
Alt i alt var dette ein godkjent nattcup!
Her er nokre bilete eg har låna frå Stine Elise Eikefet som er elev i 2.klasse her på Sygna. Sjå elles Sygna side heimesider.

