Betre seint enn aldri
Ja, no er det lenge sidan eg har skrive her på bloggen, men når ein går i 3. klasse og månaden heiter november eller desember, då må ein rett og slett prioritere kva ein skal bruke tida på. Sygnarussen har i det siste vore prega av mykje å gjere frå mange kantar. Særemne har tatt mykje tid, men det gav òg noko positivt tilbake til russeprosjektet. Overskotet av dei to skodespela som vart satt opp gjekk til Mali/ Elfenbenskysten. Summen er visstno konfidesiell, men så lenge talet er positivt er det bra.
Når vi først er inne på økonomien kan Sygnarussen meddele at vi går i eit fint overskot! Vi ligg i alle fall ikkje på ettterskot, og det er godt å vite. Julekaledarane vart ein suksess. Heile 2500 kaledarar vart selt, og det er eit bra antall med tanke på at det ikkje er meir enn 150 elevar på skulen. Takk til alle som har hjulpe oss med å selje og å kjøpe. Det kom ein god slant inn på boka etter dette og ingen ting er betre enn det!
Elles har det vore ein del mindre arrangement den siste tida. For nokre helgar sidan arrangerte vi kjærlighet uten grenser, som går ut på at ein kan sende inn songønskjer og helsingar. Redaktøren sjølv var ikkje til stades, men eg har høyrt rykter om at det var ein koseleg kveld. Denne helga er eg helles ikkje tilstades på Sygna, men viss eg ikkje tar heilt feil har det i kveld vore arrangert Bad- taste- party. Eg gler meg til å sjå bilete på Sygnasidene, så følg med der folkens!
No ser vi alle fram til ein etterlengta juleferie der vi kan lade opp batteria og yte ein ekstra god innstats siste halve året. Når ein først har klart å gå 12 1/2 år på skulen, kan ein vel like godt berre gje alt det siste halve året og gje den obligatoriske utdanninga ein verdig avslutning!